Ein gong i månaden blir det supertirsdag i kyrkja frå kl. 16 – 18. Dette er tenkt som ein møteplass for heile storfamilien. Dette blir tirsdagen i månaden du slepp å laga middag, for her får du den ferdig servert😊 Etter det blir det ei lita samling i kyrkja, og etter det blir det div. aktivitetar for dei som ønskjer det, eller ein kan slå seg ned på eit av borda i kyrkjetorget med kaffi koppen. Håpar du kjem og inviterer med deg fleire.
Denne gongen blir det staben i kyrkja som arrangerer, men om nokon har lyst å bli med på for eksempel middagslaging er det bare å melda si interesse.